Dei Litterære Festspela 2019

Vi er stolte av å presentere Brit Bildøen som Festspeldiktar for Dei Litterære Festspela i 2019

Dei Litterære Festspela 2019

Vi er stolte av å presentere Brit Bildøen som Festspeldiktar for Dei Litterære Festspela i 2019

I grunngjevinga står det mellom anna «Det er ikkje uvanleg å uttale Brit Bildøens fornamn som Britt. Men ingen har høyrt henne verken klage eller protestere på dette, og det kjem vel av at ho har eit slikt mildt og behageleg vesen, at ho er snill og lun og sjølvoppofrande i litteraturen og ytringsfridomens teneste. Då romanen Mitt milde vesen kom ut i 2006, avslørte Bildøen at dette var noko ho fekk høyre ofte, at ho hadde eit slikt mildt vesen. På spørsmål frå Klassekampens journalist om romanen var sjølvbiografisk, eventuelt ein reaksjon på dette, sa Brit Bildøen nei. Det var berre det at ho hadde fått høyre det så ofte, og at ho tenkte det var ei fin setning som kunne brukast som romantittel. Likevel slutta ho intervjuet med å vedgå at det kunne vere irriterande å stadig høyre at ho er så mild: ”– Sier du det til en mann, er det nesten snakk om en kastrering, ikke sant? Jeg vil ikke være den milde. Fra nå av skal jeg være uforutsigbar og umulig!”

Sjå heile grunngjevinga her

Program

FREDAG 24. MAI Lille Ole Bull Scene kl. 19.00

GULLREKKA

Brit Bildøen presenterer sine gjester Marit Eikemo, Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn. Forfattarane les frå eigne bøker og snakkar om alle fordelane ved å vere kvinneleg nynorskforfattar.
Musikarane Kari Harneshaug og Kyrre Laastad framfører Patti Smith på nynorsk (gjendikta av Bildøen, Ravatn og Hovland).
(Olaug Nilssen har meldt fråfall grunna sjukdom)

Bill. kr 200/170 (stud.) inkl. bill. avgift. Kjøp her!

LAURDAG 25. MAI
Lille Ole Bull Scene kl. 14.00

NÆRBILDE

Eit uformelt møte med Bildøen der vi kjem nært på forfattarskapen hennar. Kaja Schjerven Mollerin samtalar med Festspeldiktaren.

Bill. kr 200/170 (stud.) inkl. bill. avgift. Kjøp her!

LAURDAG 25. MAI
Lille Ole Bull Scene kl. 19.00

BOKSJOV

Litterær og musikalsk kabaret
Programleiar: Linda Eide
Miniintervju, opplesingar og smakebitar frå kabareten Gertrude og Alice og kunsten å leve.
Litterære gjester: Mona Høvring, Ragnar Hovland og Festspeldiktar Brit Bildøen.
Musikalske gjester: Rune Klakegg (piano), Cecilie Schilling
og Nina Gromstad (song).
Gertrude og Alice og kunsten å leve er basert på samlivet til forfattaren Gertrude Stein og partnaren Alice B. Toklas. Bildøen har skrive songane til kabareten og Rune Klakegg har skrive musikken.

Bill. kr 200/170 (stud.) inkl. bill. avgift. Kjøp her!

BILLETTSAL
hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e-post: strandgaten@norli.no, på ticketmaster.no eller i døra.
Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.

Dei Litterære Festpela blir støtta av

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa