Adonis til Trondheim

Når Æ Å Trondheim litteraturfestival går av stabelen 16.-18. mars, kjem den syriske lyrikaren Adonis til Trondheim.

Foto: Clara Molden

Ali Ahmad Said kom til verda i ein liten landsby nordvest i Syria. Hans talent og ambisjonar opna dørene til skole og utdanning, og allereie i 1951 debuterte han som lyrikar. Då hadde han teke i bruk kunstnarnamnet Adonis og det er med dette forfattarnamnet han er blitt kjend over heile verda.

Tradisjon og fornying

Klassisk arabisk poesi hadde sin gullalder frå 400-talet til 1100-talet. Eit viktig ideal var formidling og overføring av tradisjonar. Diktinga var sterkt regelbunden og sikta mot formell perfeksjon. I løpet av 1900-talet vart denne tradisjonsprega poesien fornya og frigjort, poetane skreiv meir engasjert og politisk. Modernistisk vestleg lyrikk, som til dømes T.S. Eliots The Waste Land, som vart gjendikta til arabisk i 1957, bidrog til nyorienteringa av den tradisjonstunge arabiske poesien. I fleire arabiske land var dette ei tid for frigjering og reorientering på mange område.

I sentrum av denne fornyinga står Adonis. Han var med å starte tidsskriftet Shi’r (Poesi) i 1957. Shi’r var mediet for lyrisk frigjering, fornying og eksperimentering, og fekk mykje kritikk frå dei tradisjonstru. I 1961 ga Adonis ut Mihyars sanger, eit høgdepunkt både i forfattarskapen og i den nyare arabiske poesien. Boka har mange frie vers og prosadikt, noko som var uvanleg og dels provoserande for mange lesarar.

 

Sår som ikkje gror

Adonis er frå starten ein som protesterer. Han kritiserer og forkastar det gamle og forsteina, både i samfunnet, kulturen og litteraturen. Målet er at noko nytt skal vekse fram når det gamle dør. Adonis er ingen politikar, men ein skrivande, kritisk intellektuell. Dette kan vi tydeleg sjå i den siste boka av han på norsk, Vold og islam (2016). Også som poet er han kritisk, han øydelegg for å gjenskape. Ein liknande tanke er sentral innan mange myter og religionar i Middelhavsregionen. Tanken kan også knyttast til kunstnarnamnet Adonis. Guden Adonis finst i fleire mytekretsar og er ein gud for gjenskaping og fruktbarheit. Halvor Roll, som har gjendikta Adonis til norsk, framhevar såret som ein sentral metafor hos Adonis: «Såret er den bortskårete fortiden og åpner for en verden av varme og forandring. Såret representerer det varme og levende i motsetning til arret, det forstenete. Såret leges aldri, for et leget sår betyr fossilisering, mens det åpne såret er symbol for det skapende.» (Sitert frå forordet til gjendiktinga av Mihyars sanger, s. 13).

Lyrikken til Adonis er både modernistisk og influert av tradisjonen. Dikta har ofte draumeaktige, hallusinatoriske bilete, med innslag av visjonar og mystikk. Lesaren kan ha stor glede av poesien sjølv om ein ikkje forstår alt, meiner Adonis. Det viktigaste er heller å gi seg hen til diktet si verd, meiner mannen som er kjent for sine medrivande og musikalske opplesingar.

Adonis deltek i to samtalar under Æ Å Trondheim litteraturfestival, kor han óg vil lese eigne dikt. Endre Ruset og Trond Åm leiar kvar si samtale, høvesvis om poesi og politikk, på Kunsthall Trondheim 16. og 18. mars. Fullstendig festivalprogram blir sloppe fredag 3. februar. Følg med på Æ Å Trondheim litteraturfestival si Facebookside eller på forfattersentrum.no.